ndknvk

Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du?

Eg er ein bortkomen sunnmøring som har mista heimvegen. Har nyleg fullført ein bachelorgrad i japansk ved Universitet i Bergen, og bur no i Osaka i Japan.

Hvilket forhold har du til litteratur?

I oppveksten var litteratur viktig for meg fordi eg budde i ei lita bygd som hadde mykje fokus på fotball, og vi som var redde for ballen måtte finna andre måtar å underhalda oss på. Etter kvart har litteratur blitt meir og meir ein måte for meg å prøva å forstå verda på. Han gjer det mogleg for meg å reisa kor som helst og sjå ting gjennom augo til menneske med heilt andre opplevingar enn meg.

Favorittforfatter?

Eg les eigentleg sjeldan heile forfattarskap fordi eg er alt for utolmodig. Men av favorittane kan eg nemne Yoko Ogawa, Gabriel Garcia Marquez, Shirley Jackson og Amy Sackville.

Den siste boken du leste og likte?

Hangsaman av Shirley Jackson.

Den siste boken du leste og hatet?

Eg las om lag dei 50 første sidene av A Farewell To Arms av Ernest Hemingway før eg måtte leggja han frå meg.

Hva har du lyst til å skrive om på Bokmerker?

Sidan eg bur i utlandet er det vanskeleg å følgja med på kva som skjer i litteratur-Noreg. Difor kjem eg til å skriva mest om mest utanlandsk litteratur, særleg japansk.

Hva leser du nå?

Akkurat no les eg to bøker. Den eine er ein japansk roman kalla I’m sorry, mama av Natsuo Kirino, som diverre ikkje finst i verken norsk eller engelsk omsetjing. Den andre er Mr. Fox av britiske Helen Oyeyemi.