Tiande januar hadde eg bursdag og fekk i den samanheng ei sers tung og uromantisk gåve frå kjærasten min. I denne føljetongen av blogginnlegg skal eg freiste å lese mursteinen Kapitalen i det 21. århundre av Thomas Piketty.

Kort sagt er Pikettys bok ei analyse av empiriske data om økonomien til 20 forskjellige land, datert heilt tilbake til 1700-talet. Boka fokuserar på ulikskapar mellom fattige og rike, og korleis desse påverkar verda økonomisk og sosialt. Kapitalen i det 21. århundre er ei bok som typisk vil støve ned i bokhylla. Ei pyntegjenstand av ein murstein. Dekor, skryt, og når eg er åleina, ei konstant påminning om kor utålmodig eg har blitt av elektronikken. Så i stedet for å skrive enda eit døvt innlegg om «short attention span», så vil eg heller vise at eg kan klare dette framleis! At eg kan konsentrera meg om å fullføre ei diger bok. Det er faktisk ikkje like lett som det var. Eg mimrar om den gongen eg surfa gjennom Sofies verden på nokre dagar, i byrjinga av ungdomsskulen. Så der har du det. You and me Piketty, you and me.

Motivasjon og dumskap
For å understreka det med ein gong, eg har ikkje peiling på økonomi, verken min personlege eller den globale. Karl Marx Kapitalen har eg heller ikkje lest, men eg har ein kjærast som har det (teller det?). Det kan bli ei stor utfordring i lesninga, men eg har høyrt at Pikettys tekst skal vere sopass forenkla at også kvermannsen kan forstå innhaldet. Forutan konsentrasjonsvanskane eg har pådratt meg, er motivasjonen min ganske enkelt å forstå meir om verda me lever i. Eg tykjer Handelshøyskolen BI sine tidlegare reklamar er utruleg treffande. Å kjenne seg avkledd og taus i diskusjonar enten det er i sosialt lag, på arbeid eller i andre høve, er noko eg ofte har gjort. Så eg vil at Piketty skal gi meg «tyngden du trenger», for å sei det enkelt. Stille vatn har djupast bunn, men også sølepyttar kan vere taus, der har du meg.

Flausefrykt
Normalt sett les eg litteraturens Ferrari, nemlig diktsamlingar. Eg les gjerne ei samling på ein halvtimes tid og difor er eg er veldig redd for at eg ikkje kjem til å fullføre boka. Slik sett er denne offentlege hoggestabben eit godt høve til å motivere meg. Om blogginnlegga stoppar opp, veit dykk alle at eg har feila. Nyttårforsett 2015: Å vinne kampen mot mursteinen! Og ja, akkurat no kjennes det ut som om det kan ta heile året.

Eg vonar dykk ynskjar meg lykke til. Fortsettelse følgjer, forhåpentligvis.