seljeb¯. om kvelden blir namna ropa heim. omsl_Layout 1

 

Om kvelden blir namna ropa heim

Tora Seljebø
Lyrikk
Samlaget, 2014

 

 

 

 

svalene flyg mellom husa. over skog åker. vev med blank svart tråd. an acre er ein åker. 1000 vengeslag. svalene seier så mykje. eg sovnar med kinnet mot tømmerveggen. vaknar med ei forteljing i ansiktet

Slik opnar Tora Seljebø si fyrste diktsamling. Eg smilte då eg las dette diktet, og tenkte at ho har no i alle fall valt riktig dikt å sparke det heile i gang med. Då eg så bladde vidare, slutta eg liksom ikkje å brette eseløyre. Det blei mange fleir enn eg kan få plass til i denne meldinga.

Naturen må vere noko av det vanskeligaste å skrive originalt om, naturen og kjærleiken. Noko av det Seljebø er aller best på, er nettopp å vise oss korleis naturen er ein del av oss, korleis vi er ein del av naturen. I alle desse dikta er naturen med, på kvar ei side finn vi anten ein maur, eit tre, ei elv, ein åker, vattn, dogg, ljos, mørker, fisk, ei svale, skogen, eit rovdyr, ei grein, ein jeksel. Det er ikkje klisjé-aktig, det er berre heilt fabelaktig vakkert, velkomponert og godt skrive.

grantrea står tett i vinden. stryk kvarandre med nåler. eg er jenta med det kvite kneet. eit granfrø festar seg i lungegreinene. stammen veks som ein akse gjennom meg. kvae i kroppen. eg høyrer huda sprekke opp og bli bork

Seljebø utviser ei framifrå evne til å leike seg med språket, noko som gjer at stemmen hennar blir tydeleg og karakteristisk. Medan eg las tenkte eg at det ofte verkar spontant, impulsivt, men ikkje på ein slik måte at det resulterer i nokon form for mangel. Denne trongen til å bruke ordet leikande når eg skal beskrive desse dikta kjem nok og frå hovudpersonen i boka, ei ung jente som prøver å finne ut kven ho er, kva som er viktig for ho, kven ho vil vere.

landvinden gjennom syrinblomstringa. enkevêr. humlene fell frå himmelen. festar seg i håret som flokar. når kan ein seie at eit liv ikkje er bortkasta. eg plantar ein jeksel i åkeren. ein kroppsveksel. dei små syrinknoppane ytst på brysta. det er nesten stilt inne i kroppen

Det er ikkje berre tematikken og den lett flakkande stilen, lik ei jente som hoppar paradis, som fascinerer meg, men aller mest altså språket sjølv. Eg smilte mykje medan eg las denne diktsamlinga, mellom anna av formuleringar som «eg kvesser eit kronblad» – det er smart og velformulert, og viser korleis Seljebø meistrar diktsjangaren på eksemplarisk og originalt vis.

For sjølv om det er leik, springing i åker og kalvar og kyr, blir også store spørsmål stilt. Av og til gir Seljebø oss svar på noko ho tidlegare har lurt på, som når ho undrar seg om lyden finst om ingen lyttar. Seinare kjem svaret, «lyden finst om ingen lyttar.» Dette er ein artig måte å vise at jenta me følgjer blir eldre, at ho finn svar etter kvart. Vi møter sorg, kjærleik og den undringa som menneske flest vel er innom medan vi er her på denne jorda, og aldri går Seljebø vekk frå naturen.

straumgjerdet dirrar. kalvane står innanfor. jorda syg til seg regnet. ein hard lyd frå strupen. bestemor plantar eit tre midt på åkeren. blomane veks inn i stua. skogen inn i furugolvet. om du ikkje kan bestemme deg for noko, plant eit frø. 

Seljebø avsluttar diktsamlinga med denne setninga: «ei humle surrar seg inn i genseren min. knyter til seg pollen og flyg vidare til neste menneske:»  Kolonet gir meg håp om ei fortsetjing, om ikkje anna så i alle fall noko frå Seljebø om ikkje alt for lenge.
Og når neste utgjeving kjem, vil du finne meg fyrst i køa for å få lese.